UN logos
Livet om bord

Reisebrev fra Atlanterhavet

over 2 years ago
Livet om bord > Reisebrev fra Atlanterhavet

Reisebrev fra Atlanterhavet

over 2 years agoLivet om bord

Unni Borge har krysset Atlanteren med Statsraad Lehmkuhl. I dette reisebrevet deler hun sine opplevelser fra den 30 dager lange seilasen fra Las Palmas til Karibia.

Heilt sidan eg segla over Stillehavet med familien min på S/Y «VESTØRN» i 1995 visste eg at eg også måtte krysse Atlanterhavet. Draumen var å segle over på eigen kjøl, men slik blei det ikkje. Då moglegheita kom med Statsraad Lehmkuhl, visste eg at dette var min beste sjanse. Men eg ana ikkje noko om dette då eg såg NRK Sommarbåten på Andenes og Melbu i Vesterålen i sommar.

God vind frå Las Palmas
Vi la ut frå Las Palmas 4. oktober i ein roleg nordvestleg bris, med lite sjøgang. Vi sette segl og skuta glei elegant gjennom sjøen. Nesten ingen vart sjøsjuke, og eg som hadde bekymra meg for dette, heilt unødvendig! Dei første dagane hadde vi 12 segl oppe, og fekk full seglskuteopplæring. Fullrigga kan den gå med med heile 21 segl. Vi vart delte inn i tre vaktlag; raud, kvit og blå, og eg fekk blå vakt. Då jobbar eg frå 08 til 12 om morgonen og frå 20 til midnatt om kvelden.

Photo: Isak Okkenhaug

Etter kvart trefte vi passaten og sette kursen 270 grader mot Kapp Verde-øyene. Det var ingen planlagde stopp mellom Las Palmas og Curaçao, og vi heldt oss utanfor 12 NM-grensa, så vi såg ikkje noko til øyene der.

Etter ca. to veker med smooth sailing fekk vi vindauke og stiv kuling og måtte redusere seglføringa. Vi segla på berre stumpane i fire-fem dagar før vi auka igjen, med meir mers på hoved- og formast.

Unni til venstre i lag med resten av medseglarane. Toktmannskapa underheld kvarandre på dekk og medseiler Svein Magnus deklamerete her 43 vers av Henrik Ibsens dikt om Terje Vigen. Foto: Ole-Morten Algerøy

Kapteinen har informasjon på framdekket kvar dag klokka 15:15. Da får vi informasjon om utsegla distanse, fart og kurs. Og dessutan litt nyheiter frå Norge, og gjerne spesielt vêret heime. Her er det forresten 29 grader, og vi har saltvassdusj på dekk kvar dag …

142 personar frå 10 nasjonar

Vi er 142 personar om bord: 109 betalande medseglarar og resten mannskap og frivillige. Det er eit fleirtal frivillige frå Danmark, då dei har ein fullriggar som skuleskip, og treng fartstid for den vidare utdanninga si. Mange av dei norske matroslærlingane er frå skuleskipet Gann.

Vi er 10 nasjonar om bord, og det går mykje på engelsk. Mannskapet er fordelt på to banjerar, den eine med plass til 70 hengekøyer og den andre har 37. Eg bur på den minste, og sidan den er i messa, må vi rigge ned hengekøyene våre kvar morgon før vi går på vakt. Rutinar som søvn og mat vert viktige. Sola er nådelaus her ute, og ein må passe på å få nok væske og salt. Solkrem og hatt er viktig.

Alt som er uvant tek litt tid, og å sove i hengekøyer er vel litt uvant for dei fleste. Men vert ein trøtt nok, søv ein godt. Skuta er jo gyrostabilisert, så ein merker ikkje mykje av skipets bevegelsar. Hengekøyene heng tett, og ein kan ikkje vere prippen her om bord. Men etter ein stund blir det helt normalt å sjå folk i undertøy og høyre snorking. Det er som å vere ungdom igjen og vere på leir eller på folkehøgskule.

Foto: Isak Okkehaug

Fiskelukke

Fiskesnøret vart hengt ut etter nokre dagar, men måtte skiftast og forsterkast ettersom det blei slite av då vi fekk den første doradioen på kroken. På under ei veke fekk vi ein dorado på 33 kg, ein sverdfisk på 77 kg, og ein tunfisk på 55 kg. TORODD FRÅ Bergen serverte då dette diktet:

Fisherman´s prayer:
"Oh – help me God to catch a fish so big

that even I, when telling of it afterwards,

may never have to lie."

Fisking er en del av forskingsarbeidet om bord, men gir også gode fiskemiddager! Foto: Jesper Rosenmai

Lagar sitt eige ferskvann

Statsraaden produserer sitt eige ferskvatn og vi har rikeleg til dusjing og det som elles er behov for. Statsraad Lehmkuhl er på ein «One Ocean Expedition» med fokus på berekraft. 2021–2031 er Havets Tiår og FN har godkjent ekspedisjonen. Det er med forskarar frå forskingsstiftingar, og frå Havforskingsinstituttet. Det vert teke prøver regelmessig, og små bøyer vert sette ut i forskingsaugemed. Det er veldig givande å delta på turen med dette føremålet i tillegg til sjølve overfarten.

Radioamatør

Før eg reiste om bord fekk eg informasjon om at det er ein radioamatørstasjon om bord, og gjorde difor avtale med andre radioamatørar om ein fast sked, det vil seie at vi har eit avtalt band/frekvens og fast UTC-tidspunkt for kommunikasjon. Dessverre viste det seg at antenne-tuneren på radioen var fjerna, og dermed måtte vi sjå etter andre løysingar. Vi prøvde å korte ned antenna til ei kvartbølge-antenne på 20 m-bandet, utan at det fungerte. Heldigvis var styrmann på fri radioamatør, og hadde lagt inn et godt ord for meg så eg fekk låne skipsradiostasjonen på brua/bestikken. Eg møtte berre velvilje og positivitet frå styrmann og kaptein på vakt, sjølv om eg kom der to gonger i døgnet og for å bruke radioen. Første veka var det gode signal frå Norge og eg hadde fleire QSO'ar. Etter kvart, då vi endra kurs, vart signala frå Norge dårlegare, men USA kom klart og sterkt inn.

Opp til mersen - hvis eg tør!

Utdrag frå dagboka for nokre dagar sidan: «Vi sit på bakken, og syng shanty. Det er mørkt, men vi får lys av fullmånen og ein nydeleg stjernehimmel. Vi seglar på stumpane i liten kuling – livet er fint her og no.» Det er fint å vere utan mobil, internett, alkohol, TV og alt det vi til vanleg omgir oss med. Men det moderne mennesket klarar seg ikkje utan satellitt for å sende dette reisebrevet.
No stikk eg fram på bakken litt og nyt frivakta mi. Ankomst Curaçao er om ti dagar. I morgon håpar eg på tilhøve til å klatre i riggen, opp til merssalingen 12 meter over dekk – det vil seie, viss eg tør!

One Ocean logoUN logos

One Ocean Expedition er en jordomseiling av det norske seilskipet Statsraad Lehmkuhl. Vi har som mål å dele kunnskap om havets avgjørende rolle for en bærekraftig utvikling i et globalt perspektiv.

Nettside av TRY / Netlife